"Triller" då damene vann mot Askøy

Postet av Gloppen Handballklubb den 22. Sep 2012

Det vart ein "gysare" av ein handballkamp i Firdahallen i ettermiddag då damelaget i 3.divisjon slo tilbake etter forrige helgs tap i Dale.  Etter ein fantomkamp i andre omgong, der underteikna sprenge pulsskalaen, kunne damen og eit talrikt heimepublikum juble for 21-19 siger og 2 viktige poeng.

Dagens spelar Irene Slagstad flankert av to andre sentrale spelarar i dagens kamp, Heidi Sægrov og Ingrid Gimmestad.

Det var knyta stor spaning til korleis damene ville takle forrige helgs forsmedelege nederlag i Dale framføre dagens kamp.  I starten av dagens kamp såg det ut som fortsatt var litt prega. Sjølv om kampen var relativt jevnspela var det heile tida Askøy som låg nokre mål føre.  Askøy rykte ned frå 2. divisjon i fjor og var venta å vere ei hard nøtt for våre damer.  Askøy hadde i tillegg ein fantastisk god keeper som tok veldig mange GHK skot i første omgong.  Fram mot pause seig Askøy litt frå og leia 11-7 når laga gjekk i garderoben.  Trass lite mål framover, stod GHK godt i forsvar så her var ingenting avgjort.

Kanonkamp i forsvar av våre damer i dagens kamp.

I andre omgong fortsette GHK med fantastisk forsvarspel og iløpet av dei første 10 min skåra bergenslaget berre to mål, samstundes som GHK starta å treffe betre med skota og var kun eit mål bak på stillinga 11-12 og 12-13.  Etter 13 minutt kunne Ingrid Gimmestad dundre ballen i mål til 14-14 og stemninga i hallen auka.  Fleire 2min utvisningar kunne kosta heimelaget dyrt, men no var det tydeleg at damene til Kjell hadde bestemt seg: Denne kampen skal vinnast!!  Elise H Hansen sprang inn 16-15 ledelse etter 16 minutt og GHK var i leiing før første gong i kampen.  Like etter "klinka" Heidi ballen i vinkelen til 17-15 leiing. Fleire nye 2min på heimelaget gjorde at Askøy spela 6 mot 4 ein periode, men heimelaget med dagens spelar Irene Slagstad i spissen ville ikkje gje seg.  Irene hadde fleire mål og sette og 2 frå 7m kaldt i nettet.  Sjølv om Askøy utnytta overtalet og var oppe på 17-17 og 19-19 med 5 min att, held damene hovudet kaldt og drog iland ein svært kjærkomen 21-19 siger.  Som sagt, ein glitrande 2. omgong av GHK damene, og dette gir sjølvsagt ein god porsjon sjølvtillit fram mot neste helg og 2 kampar i Bergen.  Heile laget stod fram etter pause, og dette vart ein skikkeleg lagsiger til slutt.  Ein lokal jury kåra Irene Slagstad til "women of the match"

Desse var med: Benedikte Gåsemyr, Linn Kristin Øren, heidi Sægrov(6), Ingrid Gimmestad(4), Torill H Gaasø(2), Irene Slagstad(4), Elise H Hansen(2), Amanda Veiteberg(3), Elisabeth V Hansen, Ingunn Berg.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline