Serieopning til helga

Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Sep 2012

Førstkomande helg er det klart for seriepremiere for nokre av GHK sine lag. Både damelaget i 3.divisjon, damelaget i 5.divisjon og jenter 15 laget skal alle spele sine første kampar for sesongen.

"Nye" GHK damelag klar for 3. divisjonskamp

Først ute er damelaget i 5.divisjon som tar imot Syril på laurdag.  K5 laget har mista mange spelarar frå i fjor, og nye treng tid å venne seg til laget.  Likevel trur vi trenar Ragnhild Bakketun Vederhus har god kontroll på laget, og det er venta ein jevn kamp.

På søndag er det så laget til Jostein Vada Ryssdal som skal prøve seg.  Jente 15 laget er samansett av nye ansikt i GHK drakt.  Frå Breimsbygda,Fj/V og STIL har vi fått ein bukett flotte handballspelarar.  Det vert spanande og sjå korleis desse tar eit nytt nivå i handballutviklinga.  Etter det vi har sett til no, er det ingen grunn til bekymring. Dette laget kjem til å bite frå seg.

K3 damene til Kjell Aske skal til Dale for å møte heimelaget der.  Dale er eit lag GHK normalt sett bør slå, men etter bortfall av omtrent heile stammen frå laget sist sesong, er det knytta stor spaning korleis dei unge vil takle ansvaret. Såleis er dette ein open kamp, der nyopprykka Dale nok vil gjere sitt beste for å sende GHK heim utan poeng.  Men kjenner vi Kjell rett, vil nok han gjere dei taktiske grep som må til for å vinne. 

Uansett er det godt å kome igang med ein lang handballsesong.  Vi gler oss :)




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline