"Nye"GHK valsa over Sogndalsdamene

Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Sep 2012

I kveldens treningskamp i Firdahallen var det unge GHK K3 laget sine naboer frå Sogndal overlegne i det meste.  Etter å ha leia 18-10 til pause, gav dei seg ikkje før det stod 35-22 på lystavla.  Unge Amanda Veiteberg stod åleine for 10 av GHK sine mål.

Om Amanda Veiteberg held seg skadefri, er det fleire enn Sogndal sine damer som får bryne seg på denne "juvèlen"

Det var knytt ei viss spaning til det nye, unge GHK laget før kveldens kamp.  Fleire av dei rutinerte er vekk, og dei unge får meir ansvar. To nybakte mødre var likevel tilbake, og saman med Heidi bidrog både Ingrid og Ingunn til rutinen i laget. 

Spelarmøte før kampen. Spelaren til høgre i biletet fekk ikkje speletid i kvald, men kan vere aktuell seinare :)
 

Saman med mange unge flotte handballtalent, der fleire fekk sin debut på førstelaget, var dette meir enn godt nok til å slå Sogndal.  Frå start stod jentene godt i forsvar, og framover meldte fleire og fleire seg på. 

Full kontroll i angrep!!

Når alvoret startar i 3. divisjon, får nok damene våre meir å bryne seg på, men alt i alt var kveldens kamp ei god og grei gjennomkøyring i ein hard treningsperiode for Kjell sine damer.  Amanda Veiteberg med 10 og Elise H Hansen med 6, var kampens mestskårande.God dommar som vanleg, var Einar Eimhjellen.

Desse var med: Benedikte Gåsemyr, Ingvild Slagstad(3), Ragnhild Ryssdal(3), Elisabeth Hansen, Amanda Veiteberg(10), Elise H Hansen(6), Marthe Sofie Eide, Irene Slagstad(4), Torill H Gåsø(2), Ingun Berg, Heidi Sægrov(4), Ingrid Gimmestad(3).


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.