Kjell Aske ny trenar for damelaget!!

Postet av Gloppen Handballklubb den 27. Jun 2012

Kjell Aske har i dag sagt ja til trenarjobben for damelaget til GHK i 3.divisjon.  Etter at Øyvind Indrebø slutta etter årets sesong, har leiinga i GHK vore på trenarjakt.  Kjell Aske var førstevalet til klubben frå dag ein, men vi har òg vore i dialog med andre trenarkandidater etter sesongslutt.

Ein "overlukkeleg" leiar og den nye trenaren for damelaget :)

Etter samtalar dei siste dagane, vart det i dag endeleg klart at Kjell tar på seg jobben for komande sesong.  Dette er klubben naturleg nok svært glad for.  Vi veit kva Kjell står for som trenar, og reknar med at dette også vil gje eit løft for klubben i den satsinga vi er inne i.

"Ringreven" Kjell Aske er tilbake ved roret for damelaget.

Damelaget er inne i eit generasjonsskifte, der fleira av fjorårets profilar enten har slutta eller reist frå bygda.  Dette vil nok syne att på bana komande seong, men med Kjell ved roret, er klubben trygg på at den sportslege utviklinga til dei unge og framadstormande jentene i klubben vil halde fram. Med litt iblanda "gamal" rutine frå nokre eldre spelarar, vert det ein spanande og utfordrane sesong for damene våre.  Uansett ynskjer vi Kjell og damene lukke til i komande sesong.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.