GHK og Sparebanken Sogn og Fjordane einige om ny sponsoravtale

Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Mai 2012

Samarbeidet mellom Sparebanken Sogn og Fjordane og GHK held fram.  I dag vart partane einige om ei ny treårig sponsoravtale som gjer at banken held fram som ein av GHK sine hovudsponsorar.

Leiar i GHK, Øystein Sundal og sponsoransvarleg i Sparebanken Sogn og Fjordane, Ingvill Hestenes, er godt nøgde med den nye avtala.

Då både sparebanken og GHK er opptekne av å støtte opp under talentutvikling, vil ein del av midlane klubben får vere øyremerka stipend til unge talent i GHK som syner treningsvilje og som oppnår framgong i komande sesong. Mindre stipend vert delt ut kvar månad i kampsesongen til ein gut og ei jente, medan det ved sesongslutt vil tillfalle eit større stipend til den guten og den jenta som samla har synt størst framgong gjennom heile sesongen.  Her vil også viljen til å trene for å bli best mogeleg vektlagd. 

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.