Også GHK sitt andrelag for gutar slo Stryn

Postet av Gloppen Handballklubb den 17. Mar 2012

God kamp av Mikael i dag
GHK sitt andrelag for gutar ville ikkje vere dårlegare enn sine eldre lagkamerater då dei møtte Stryn.  etter å ha leia 18-11 til pause, kunne dei gå av bana med ein solid 33-23 siger.  meir om kampen kjem seinare. Så var det Gloppen2 sin tur. Dei var i fint spelehumør idag og gjorde ein framifrå kamp. Med bevegeleg og oppfinsamt angrep levna dei liten tvil om kvar sigeren ville hamne.

Med det giftige samarbeidet mellom Mikael og Magnus Andre tok dei raskt føringa i kampen og til pause leia dei 18-11, og kampen var i realiteten køyrd. Då hadde Lauritz herja på ving, Mikael "trikka" inn eit fantasimål og Vegard dunka hoppskot frå distanse.

Andre omgangen fortsette med speleglede og Evald fekk på nytt vist at han også er ein særs dugande bakspelar. Den guten nølar ikkje når der opnar seg ein mulighet mellom motstandarane. Veldig god kamp. I mål stod broder Olav også veldig bra og gutane hadde full kontroll.

Til slutt vart det komfortable 33-23 siger over eit Strynelag som var byrja å få trøtte bein etter to vanskelege bortekampar.

VEL BLÅST SESONG for ungkalvane som no har spelt sin siste seriekamp for i år. Dei hamna til slutt på 2.plass bak Gloppen1. Det store skoret i gleda er at vi ikkje har fått møte Vik til ein einaste kamp. Vik har eit godt lag i år og vi trur det kunne ha vorte kjekke kampar å spele, men dei prioriterer fotball og har vore opptatt med det kvar gong vi skulle møte dei.

Desse var med: Olav, Peter 1, Mikael 6, Hans 1, Lauritz 9, Magnus Andre 5, Vegard 5, Evald 6.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.