Viktige bortekampar for damelaget til helga.

Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Mar 2012

GHK sitt damelag i 3.divisjon skal på bytur til helga for å spele dobbelkamp der, medan damelaget i 5.divisjon skal avslutte sesongen på heimebane mot Sogndal sitt andrelag. Jente 15 laget skal til Eid for å møte heimelaget i kampen om sluttspelplass.

Det er lov å håpe på liknande jubel når damelaget dreg til Bergen til helga. (Her etter sigeren over Fyllingen 2 i februar)

Når damene reiser til Bergen denne helga, er det i håp om å ta poeng mot lag nr 2 og 3 på tabellen.  Laurdag møter damene Gneist, medan dei søndag skal opp mot Åsane.  I denne divisjonen kan det meste skje framleis, så her er moglegheitene for poeng absolutt tilstades.  Om jentene hentar fram finspelet slik vi veit dei kan, trur vi på poengfangst med heimatt på søndag.  Bodil Hjelmeset er diverre ikkje med til Bergen og vert nok sakna, men resten av gjengen er gode nok for poeng.

Damelaget i 5.divisjon er einaste GHK lag med heimekamp denne helga, når dei møter Sogndal 2 på laurdag.  Dette er siste kampen denne sesongen.  Ein sesong som har vore oppløftande for det unge laget.  Om dei klarer å vere stabile i 2x30 minutt, kan poeng vere innan rekkevidde.  Diverre har laget ein del forfall til denne kampen, men dei som er med er heilt sikkert innstilt på å kjempe for siger.

Jente 15 laget skal til Eid.  Laga i denne serien er no inne i kampen om sluttspelplass i Stryn.  GHK og Eid har opna med kvart sitt tap her, men den som vinn denne kampen kan ha gode moglegheiter til å nå sluttspelet.  Reknar med at Jostein sine jenter vil gjere alt for å nå denne "gulrota".  GHK skal òg møte Askvoll/Holmedal og Høyang før alt er klart, så dette vert spanande.

Lykke til med helgas kampar.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.