Handballen i gang att etter vinterferien

Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Mar 2012

Til helga er det klart for nye kampar med GHK lag på eine banehalvdelen.  Herrelaget i 2.divisjon skal til Bergen for dobbelkamp, medan damelaget i 5.divisjon skal til Sogndal for å møte Fjøra på laurdag og til Vik for å møte heimelaget der på søndag.  Jente16 laget skal møte Dale i Fjalerhallen, medan 15års gutane skal møte Førde på heimebane i Firdahallen.

Damene i 5.divisjon skal spele 2 kampar denne helga

Herrelaget i 2.divisjon ligg utsatt til på tabellen, og reiser til Bergen for å møte lag som ligg føre dei på tabellen.  På laurdag skal dei møte Årstad som er eit av dei beste laga i divisjonen.  På heimebane tapte GHK med 7 mål for Årstad, men Årstad har nett spela uavgjort mot botnlaget Norønna så poeng er innan rekkevidde.  På søndag skal karane våre møte Sotra.  Eit lag vi slo med 2 mål heime, så bør absolutt Edvin & co kunne hente livsviktige poeng om laget får til det spelet vi veit dei kan.

Damelaget i 5.divisjon har hatt ein flott sesong så langt, og skal denne helga møte to lag der poengmoglegheitene bør vere store.  På lørdag møter dei sentrumslaget Fjøra frå Sogndal.  Uavgjort på heimebane mot dette laget bør gje jentene til Ragnhild håp om å kunne "krige" til seg nye poeng frå denne kampen.  Det same er tilfelle i søndagens kamp mot Vik.  Vikjatausene vart knebla på heimebane, og her håper vi på to nye poeng til "smilets lag" i GHK.

Jentelaget skal til Dale for å prøve og revansjere heimetapet mot Fjalerjentene.  Håpet er at kamppausen no har gjort laget godt og at jentene verkeleg kan få syne kva som bur i dei på tampen av sesongen.  Det bør ikkje vere tvil om at med alle spelarane skadefrie, er dette laget eit av fykets beste jentelag.  Vi trur no jentene er innstilt på å legge mange "trøblete" kampar bak seg og reiser heim frå Dale med to poeng i bagasjen.

GHK sitt gode 2. lag i guteserien skal møte Førde på heimebane.  Førde har eit ungt lag med mange flotte spelartypar som heilt sikkert vil hevde seg betre neste år om dei fortset framgongen på bana.  I denne kampen reknar vi med at Sander Nesdal & co vert eit nummer for store for Førdianarane, og to nye poeng vert att i Firdahallen på laurdag.

Begge GHK sine gutelag skulle også møtt Vik på bortebane denne helga.  Desse kampane ville vere avgjerande for toppstriden i serien.  Men å få avvikla kampar mot Vik syner seg å vere svært vanskeleg.  Om vi ville kunne vi tatt alle poenga utan kamp, men trenarteamet og gutane sjølve ynskjer å spela kampane.  Så får tida syne om laga kjem fram til ein speledato som høver for Vik.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.