Firda vidaregåande skule "skvisa" ut i kampen om valfag Toppidrett Handball

Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Feb 2012

Opplæringsutvalet i fylket gjekk i dag inn for at Hafstad vgs fekk det tredje tilbodet om toppidrett (volleyball), i tillegg til Stryn (skiskyting) og Sogndal (fotball).  Dette til tross for at fylkesdirektøren hadde innstilt Firda vgs og handball.

I mellomtida har det òg vore forslag om å dele den siste "potten" mellom Firda og Hafstad.  Førde Kommune ville då gå inn og dekke Firda sin "del" for Hafstad slik at Hafstad skulle få like stor del som Sogndal og Stryn.  Likevel vert handballen, ein av dei store idrettane i fylket, strokne frå lista.  Forstå det den som kan.

Kva som har føregått i dei siste dagane og nettene skal vere usagt på dette forumet, men at dette er eit politisk spel som kan få følgjer både for Firda og handballen i fylket synest klårt.  Uansett må vi no ta dette til etterretning og sjå framover.  GHK er ein del av TOPP idrettsutvikling, og hadde klart eit opplegg nært knytta opp mot valfag Toppidrett Handball som vi forventa skulle kome ved Firda.  Gjennom prosjektet Topp idrettsutvikling vil vi opprette ei toppgruppe/satsingsgruppe i GHK som vil få tilbod om å trene meir og riktig i forhold til å utvikle seg innanfor handballen.  Dette er eit prosjekt vi har stor tillit til vil kunne bidra til at ungdom som tar vidaregåande ved Firda vil kunne trene spesifikt på handball og utvikle ferdigheiter som gjer at dei vil kunne bli ein betre handballspelar og nå eit høgare nivå.  På førstkomande torsdag vil GHK orientere alle 94,95 og 96 modellane i klubben om tilbodet.  Dei som då i etterkant vel å gå vidare med dette tilbodet, vil danne toppgruppe handball med dei krav som dette medfører den enkelte.

To potensielle toppgruppedeltakarar


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.