GHK damene banka Fyllingen2 i Firdahallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Feb 2012

Med gårsdagens uavgjorte kamp mot Kjøkkelvik2 friskt i minne, var det knytta stor spaning til dagens kamp mot Fyllingen2.  Og spanande vart det.  Men denne gangen ville jentene vinne, og kunne til slutt juble for 2 nye poeng og siger 30-27.

Jentene kune sleppe jubelen laus etter å ha slått Fyllingen 2.

Om kampen i går var ein triller, vart ikkje dagens kamp noko mindre spanande.  Begge lag synte mykje fin handball og følgde kvarandre i målstatistikken utover i første omgong.  GHk klarte i ein periode å kome 3 mål føre, men Fyllingen kom tilbake og kunne gå til pause med 15-14 leiing.  GHk sleit med å få tak på Fyllingen si Elise Fedje som banka inn mål etter mål.  Samstundes var det kjekt å sjå Bodil Hjelmeseth og Heidi Sægrov som til tider herja med Fyllingenforsvaret.  Heidi var sikker som banken frå 7meter og vart til slutt kampens toppskårar med 11 mål.  Bodil stoppa på 9 mål, men var glitrande til å ta tak når det butta litt imot.

Kampens giganter, Heidi og Bodil

I andre omgong fortsette kampen i same spor som før kvilen.  Laga veksla på å ligge føre med eit og to mål, men begge lag var flinke til å kome tilbake sjølv om ein låg under.  Så fekk Eli-Anne Birkelund litt uforståeleg direkte raudt kort etter ei litt uheldig takling, og ein spurde seg om dette ville påvirke heimelaget.  Og det gjorde det, men i positiv forstand.  Dei andre jentene tok tak, også i undertal og klarte på mesterleg vis å opparbeide seg ei 5 målsleiing.  Sjølv om denne krympa noko, klarte jentene å halde hovudet klart og kunne til slutt juble for to velfortjente poeng.  Som før sagt var Heidi og Bodil dei to store profilane på heimelaget i dagens kamp, men òg Eli-Anne fekk synt seg fram frå streken før ho måtte ut.  Heile laget skal ha ros for at dei held på humøret og aldri gav opp.  Denne kampen ville dei vinne.

Desse var med: Linn K Øren, Benedikte Gåsemyr, Heidi Sægrov(11), Malene Støylen, Bodil Hjelmeseth(9), Elise H Hansen(2), Celina Nordbø(1), Eli-Anne Birkelund(4), Maria Kleppe, Irene Slagstad, Marte H Hansen(2), Torill H Gaasø(1)


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.