GHK sitt 15års jentelag tapte mot Stryn

Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Feb 2012

GHK sitt 15års jentelag tapte med 10 mål mot Stryn på heimebane i Firdahallen i dag.  På førehand var det venta ein tøff kamp mot eit godt Strynelag.  Stryn er ein av favorittane til å vinne denne serien, og hadde kontroll frå start til slutt og vann 23-13.

Sentrale jenter i dagens kamp. Elin, Elisabeth og Ragnhild med 3 mål kvar + fantomkeeper Solgunn

Det var først og fremst i første omgong at Stryn la grunnlaget for sigeren.  Dei leia då også med 10 mål til pause (14-4).  Stryn gjekk rett opp i 3-0 leiing, før Amalie reduserte på straffe.  Ragnhild følgde på med redusering til 2-4.  Så starta Solgunn med fleire flott redningar, bl a ei straffe.  Solgunn skulle også seinare i kampen syne at her har Gloppen eit stort keepertalent i emning.  Det var likevel Stryn som drog ifrå utover i omgongen og leia 12-3 etter 20 min.  Ayla finta seg fint gjennom frå kant og reduserte til 4-12, før Stryn fastsette pauseresultatet til 4-14.  Det var Stryn sin nr 14 Lone Vik som var den store spelaren før pause og skåra heile 6 mål.  Ho fortsette i andre omgong og vart kampen sin toppskårar med 10 mål totalt.

Ikkje lett å kome gjennom forsvaret til Stryn

Andre omgong vart ei positiv oppleving for jentene våre.  I denne omgongen held dei uavgjort mot det gode Strynelaget.  Først og fremst var jentene våre mykje flinkare framover på bane med mange fine kombinasjonar som resulterte i flotte mål.  Og bakerst stod Solgunn som ein levande vegg til tider.  I tillegg til før omtala Lone Vik, var nok Solgunn kampens store profil.

Ein av kampens store profilar, Solgunn Alme

Elisabeth og Elin skåra GHK sine første mål i andre omgong til stilling 6-15, før Stine Raad banka inn 7-15 og Ayla til 8-16.  Ragnhild Ryssdal synte godt spel med eit flott gjennombrot til 10-19.

Alt i alt ein oppløftande kamp av dei unge jentene på GHK. Når dei får litt meir samtrening og erfaring, kjem desse jentene til å prege handballen framover.  I dagens kamp mangla også strategen Ingvild Slagstad som er sjuk.

Desse var med: Solgunn Alme, Amalie E Mundal (1), Ayla M Seime (2), Elin Møll (3), Birte Eilander, Ragnhild Ryssdal (3), Eirhild B Alme, Benedikte G Lotsberg, Elisabeth V Hansen (3), Marita Veiesund, Stine Raad (1).


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.