Jentehelg i Firdahallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Feb 2012

Til helga er det dei unge jentene og dei litt eldre damene som skal i elden på heimebana i Firdahallen.  Jente 15 laget tar imot Stryn, medan damelaget i 5.divisjon skal måle krefter med Bjørn. Damelaget i 3.divisjon skal ha dobbelkamp.  Først mot Kjøkkelvik 2 på laurdag, før Fyllingen 2 ventar på andre banehalvdel på søndagen.  Gutelaga skal til Florø før å møte heimelaget der.

Både Malin og Sofie vil nok gjere sitt for at K5 damene vinn på laurdag

Først ute på sportsgolvet i Firdahallen på laurdag er jente 15 laget.  Dei skal møte naboen frå Stryn i den nyoppretta serien som skal lede fram mot sluttspelplass.  Det vert garantert ein knallhard kamp for Jostein sine jenter, men dei har synt fin framgong gjennom sesongen og vil heilt sikkert gje Stryn kamp til siste slutt. Vert ikkje overraska om dei tek poeng.

Neste lag ut er dei blide K5 damene.  Dei skal møte eit av topplaga når sognelaget Bjørn kjem på besøk.  Men GHK ligg ikkje mange poenga bak, og kan med siger her krype heilt opp i ryggen på motstandaren.  Dette trur vi er motivasjon nok til at damene spelar opp mot sitt beste, og då er dei gode.  Klarer dei i tillegg å vere stabilt god i lange perioder av kampen, trur vi på poeng.

Til slutt på laurdagen møtes GHK og Kjøkkelvik 2 til kamp i damenes 3.divisjon.  GHK må klare seg utan lynvingen Hege R Andenes, som reiser til varmere strøk for ein periode.  Likevel trur vi Øyvinds "gaseller" spring motstandaren i senk med hurtig angrepsspel og "lynande" kontringar.  Denne kampen skal vinnast.  På søndagen er det Fyllingen 2 som er motstandar.  Dette er nok eit betre lag enn Kjøkkelvik, men poengmessig nokså likt GHK (fleire poeng, men også fleire kampar).  Her vil ein nok flyte på ein god opplevelse frå laurdagens kamp, og spikre 4 poeng opp på veggen i heimegarderoba.

Gutelaga reiser til Florø med begge sine lag på laurdag for å møte heimelaget der.  Florø har eit brukbart lag, så poenga må kjempast for.  Begge laga våre slo Florø på heimebane, men i kystbyen får ein det nok litt tøffare.  Spesielt andrelaget slit med sjukdom og skader, men òg førstelaget har skader.  Likevel tru vi gutane kjem heim med full poengpott.

Lykke til


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.