Jenter 16 med dobbelkamp heime til helga

Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Feb 2012

Det går mot ny helg og nye kampar for nokre av våre lag. GHK K5 tar den lange turen til Aurland for å møte botnlaget i 5.divisjon, medan vårt jente 16 lag tar imot både Jotun 1 og 2 til kamp i Firdahallen på laurdag.

Marte Sunde Hjelle & Co tar imot Jotun til kampar på laurdag

Dei gode og blide jentene på 5.divisjonslaget vårt tar altså turen til Aurland for å møte eit heimelag som står utan poeng så langt i serien.  Vi trur ikkje Ragnhild lar jentene ta lett på denne kampen, så vi håper Malin & Co tar med seg alle poenga tilbake til Sandane.

Jente 16 laget tar imot begge Jotun sine lag til heimekamp i Firdahallen.  I dei motsatte kampane i Årdalshallen i haust, var det GHK som feia parketten med Årdalsjentene og vann begge kampane etter glimrande spel i begge kampar.   I dag ligg Jotun på plassen føre våre jenter, medan dei nest beste frå Årdal ligg sist på tabellen.  GHK fekk ein opptur forrige helg med ein sterk bortesiger mot Sogndal, og det ville ikkje overraske oss om dei fortset denne oppturen med å slå begge Jotun sine lag på laurdag.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.