Viktig heimekamp for GHK herrane til helga

Postet av Gloppen Handballklubb den 26. Jan 2012

I tillegg til skuleturneringa som varer både laurdag og søndag, skal også herrelaget i 2.divisjon spele ein viktig heimekamp mot NHHI på laurdag medan jente 16 laget tar turen til Sogndal for å møte heimelaget der. Også det på laurdag.

Klarer Edvin å lure målmannen til NHHI også? Her frå kampen mot Norønna sist helg.

Herrelaget skal ut i ein svært viktig kamp på laurdag. Pr i dag ligg GHK på nedrykksplass, men med like mange poeng som 2 av laga som ligg føre på betre målskildnad.  GHK slo dei aldrane Norønnakarane forrige helg, men møter nok tøffare motstand her.  NHHI tapte med 4 mål heime for topplaget Åsane sist, men skal her ut på langtur for å møte eit heimelag i Firdahallen som vil kjempe med nebb og klør for poenga.  Vi trur på heimesiger for Bjørn sine menn.

Jente 16 laget skal til Sogndal for å møte heimelaget i Sogndal Idrettshall.  Laga har like mange poeng sålangt, og ligg på sjette og sjuande plass på tabellen.  GHK tapte heimekampen mot Sogndal med 25-26, og er nok svært svolten på å revansjere seg her.  Som vi tidlegare har skrive linje opp og linje i mente om, så har årets sesong vorte noko heilt anna enn det ein hadde ambisjonar om før sesongstart.  Skadar og atter skadar har råka dette laget svært hardt, men jentene har halde på humøret gjennom sesongen og spelar på sitt beste feiande flott handball.  Vi håper på to poeng i bussen heim att.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.