Klart for skuleturnering i handball i Firdahallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 26. Jan 2012

Til helga er det klart for mykje handballmoro i Firdahallen, når alle barneskulane i Gloppen møtast til årets skuleturnering i regi av Gloppen Handballklubb.

Dette er ei årviss turnering som skulle gått av stabelen i haust, men på grunn av ombygginga i Firdahallen måtte vi utsette til no.  At dette er ei godt innarbeidd turnering, syner talet på lag som er påmelde.  Heile 23 lag frå skulane på Sandane, Hyen, Nordstranda og Breim, representerar ein stad mellom 175-190 handballspelarar på plass i hallen.  Laurdagen er det 4. og 5. klassane sin tur, medan 6. og 7. klasse gjer opp seg imellom på søndagen.  4. og 5. klasse spelar på halv bane med tilpassa minihandballreglar, medan 6. og 7. klasse spelar på heil bane med tilpassa vanlege handballreglar.                 GHK har eit stort apparat i sving for at turneringa skal gå så knirkefritt som mogeleg, og frå ansvarleg hald får vi stadfesta at det meste no er klart.        Som ei avslutning av turneringa på laurdagen, får alle aktive og leiarar høve til å sjå 2.div kampen i handball mellom GHK og NHHI gratis.

For dei som ynskjer meir informasjon om kamptider og puljeoppsett, kan ein finne dette i menyen til venstre på heimesida under "skuleturnering 2012"

Då vil eg til slutt få ynskje alle hjarteleg velkomne til handballfest i Firdahallen.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.