Solid seier!

Postet av Gloppen Handballklubb den 22. Jan 2012

Gloppen skulle møte tabellnabo Norrøna etter ein månads kamppause. Vi står med tre sigrar frå tre tidlegar oppgjer og vi var favorittar til å vinne.

 

Starten på kampen vert i rotete affære og begge lag slit med å få ballen i nettmaskene. Vi gjer det vanskeleg for oss sjølve med raske avslutningar og dårlege innspel. Heldigvis er Paul Remi på hugget mellom stengene og etter 12 minutt leiar vi 6-3. Utover omgongen får vi spelet til å fungere betre og betre og når forsvaret står som ein mur får vi mange lette mål på kontra. Ørjan og Alexander viser seg å vere særdeles raske og effektive. Til pauser viser tavla ei fortent 14-6 leiing.

Vi prøvde å nullstille oss i pausen og vill spele 2.omg som om det stod 0-0 på tavla. Dette lukkast vi ikkje heilt med. Vi tapar dei fyrste 7 minutta 6-1 og plutseleg var Norrøna med i kampen på stillinga 15-12. Vi brenn mange opplagde sjansar i denne perioden og vi kan sjå i ansikta på spelarane at dei lurer på om GHK-spøkjelset er tilbake... Trenaren tek ei dobbel utskiftning og inn kjem Vegard Flatjord på høgre back og Arild Fj på streken. Hola i forsvaret vert tetta og vi kunne begynne å rushe igjen. Gutta viser god geist og vinn dei neste 10 minutta 10-3 og det står 25-15. Vi kunne truleg leia endå meir om vi hadde vore i stand til å spele ballen fram til Gåsemyrekspressen. Som kjent greier ikkje Runar å bli sint-og uttalte etter kampen at: -idag burde eg iallefall ha klikka, for eg fekk jo aldri ballen!

Jens Christian stod fram som den store servitør og fôra Ørjan med ballar som scorar på 4 av 4. Etter fjerde servering og scoring uttalte Jens Christian: "No får du altså ikkje fleire :) ". Like lite hjalp det for Ørjan og Alexander deler plassen som man of the match!

Alle kjem på scoringslista idag-dette er ein kjempe lagseier. I tankane forberedar vi oss allereie frammot neste helg. Det var difor innkalla til ekstratrening for dame og herrespelarar laurdag kveld. På programmet stod Øyvind Indrebø sin forsvarsmetodikk: opp å dans, opp å dans... i forsvaret! Ei framifrå økt!

Vi gler oss til neste helg der vi skal gjere alt for å revansjere ettmålstapet for NHHI på bortebane i haust. For å klare dette har vi bruk for ein stappfull Firdahall. Ring te mosta, hent besta på Gloppebua, få med kameratane på Pelsen, kom nedatt frå Kleivane-det er for kaldt kl 17 og hjelp drengerne til 2 nye poeng.

HVAD KÆMPER VI FOR? SEJER!!!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.