GHK damene knuste Stord 2 på heimebane

Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Jan 2012

GHK sitt 3.divisjonslag for damer hadde små problem med å slå Stord sine nest beste med kalassifra 34-19, etter å ha leia 21-11 til pause.  Celina Nordbø vart kampens toppskårar med 7 mål, tett følgt av Eli-Anne med 6 mål.

Celina og Eli-Anne med 7 og 6 mål i dagens kamp

GHK damene starta kampen med høgt tempo og presist spel over heile bane og gjekk tidleg opp i ei 5 målsleiing 7-2 etter flotte mål av Celina og Eli-Anne frå strek og Marte frå distanse.  Etter 8 min la Marte på til 8-3, før Hege sette inn 9-3 på straffe etter 10 min.  GHK seig ifrå utover i omgongen, og Heidi la på til 13-6 på ny straffe etter 20 min.  Malene med 2 kjappe mål på kontring, det siste til 19-9 for heimelaget og 10 måls leiing etter 26 min.  Laga skårer to mål kvar i slutten, og Maria fastset sluttresultatet til 21-11 for heimelaget.

Betongforsvar.....Marte, Eli-Anne, Hege, Torill og Celina

Dei første 10 min av andre omgong føl laga kvarandre i målprotokollen og tavla syner 25-14.  Elise H skårar eit par kjappe frå kant i denne perioden, og syner at det gror godt i handballen i Gloppen.  Linn Kristin har i denne perioden fleire flotte redningar.

Linn Kristin med mange flotte redningar i dag

  Utover i kampen drar GHK ifrå gjestane frå Stord, og dagens debutant for heimelaget, Irene, får æra av å fastsetje sluttresulatet til 34-19 etter eit "timeoutplanlagt" innhopp frå kanten. Alt i alt ein godt gjennomført kamp av damene til Øyvind, og det er kjekt å sjå at alle melder seg på i ein slik kamp.

Dagens debutant Irene med skåring heilt på tampen

Desse var med:Linn Kristin Øren, Benedikte Gåsemyr, Heidi Sægrov (4), Malene Støylen (4), Elise H Hansen (2), Celina Nordbø (7), Hege R Andenes (1), Maria Kleppe (4), Eli-Anne Birkelund (6), Marte H Hansen (4), Irene Slagstad (1), Torill H Gaasø.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.