Gutane tukta damen

Postet av Gloppen Handballklubb den 10. Jan 2012

Treningskamp nr. 5 mellom gutane og damene vart spelt i Firdahallen tysdag. Gutane vann klart med 28-19 og leiar innbyrdes oppgjer med 3-2.

Dette var siste generalprøve før damen skal møte Førde til helga, men kampen var ein treningskamp der begge laga mangla mange spelarar. Celina, Hege, Heidi og Maria var ikkje med og det merkast når så sentrale spelarar uteblir.

Kampen starta jamnt. Det stod lenge 0-0 og det var mykje brende sjangsar. Linn Kristin stod knallgodt i mål og gutane reiv seg i håret etter sløseriet i angrep. Etterkvart byrja begge lag å få inn mål og damene leia 8-6, men til pause var gutane i føring med 12-9.

I andre omgang drog gutane sakte i frå og vann til slutt komfortabelt 28-19.  På damelaget måtte Eli Anne ,Bodil og Marte dra mykje av lasset, men Malene var veldig positiv på vingen og putta 4 flotte mål. 

På gutelaget var innsatsen jamt fordelt der alle kom på scoringslista. Best ikveld var Osmund, men i første omgang fekk Erlend vist flotte skot og finter og i forsvar er han sjef.

Då kryssar vi fingrane for damene til helga der det blir storkamp i Firdahallen mot serieleiar Førde. Spelar de slik som siste kampen før jul skal Førdianarane få nok å henge fingrane i. Det blir iallefall fulle tribuner og fullt trøkk i Firdahallen til helga.

Desse var med: Daniel, Olav, Åsmund 2, Evald 4, Erlend 2, Ørjan 1, Osmund 5, Kissner 2, Kleppe 3, Lauritz 3, Magnus 3, Sander 2.

Linn Kristin, Benedicte, Bodil 5, Malene 4, Eli Anne 5, Torill, Ingvild 1, Marte 2, Elise2.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.