K3 vs. G16

Postet av Gloppen Handballklubb den 30. Des 2011

Torsdagens treningskamp mellom damene og G16 var jamn. Gutane tok leiinga frå start og få minutt ut i kampen leda deimed 3 mål. Men damene hang seg fast og til pause var stillinga 17-17.  Før kveldens kamp hadde dei spelt 3 treningskampar mot kvarandre, og stillinga var 2-1 i damenes favør og damene var gira på enda en siger. 

Gutane begynte godt og fekk den tidlege leiinga, men damene kjempa seg inn i kampen og med stillinga 17-17 til pause var ingenting avgjordt. 
Andre omgang var som første veldig jamn, og damene låg aldri langt bak gutane, men i forsvar sleit damene med å stå imot gutane. Gutane vart rett og slett for sterke i nokre situasjoner. Men i angrep spelte damene godt og det gjorde til at målforskjellen ikkje vart større. 
Når fløyta gjekk viste tavla 27-32 i favør gutane. Så stillinga etter 4 spelte treningskampar er 2-2. 

Damene: Linn Kristin, Benedicte, Malene (1), Bodil (6), Hege (5), Ingvild, Maria (4), Marte (4), Torill (2), Elise (1), Celina (4) 

G16: Olav, Daniel, Vegard (6), Ørjan (4), Åsmund (5), Bendik, Kissner (1),     Osen (3), Erlend (3), Sander, Peter, Odd Martin (2), Evald (3), Kleppe (5)


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.