GHK herrane vann treningskamp

Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Des 2011

GHK sitt herrelag vann i dag 30-27 over eit blanda lag med tidlegare GHK spelarar.  Blandalaget var samansett unge lovande handballspelarar som no stort sett er spreidd rundt om i landet + den "evigunge" ringreven Finn Hauge. Kampen var jevn heile vegen, men "bikka" i favør av dagens GHK lag mot slutten.  Kanskje vart kondisjonen avgjerande?  Finn Hauge synte iallefall at for enkelte er alder inga hindring for å prestere på handballbana.  Han enda truleg opp som toppskårar for blandalaget, der også to av sønene briljerte med fint spel.  Bjørn Roth sitt mannskap fekk truleg den gjennomkøyringa dei var ute etter, og er venteleg i god rute mot andre halvdel av sesongen.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.