GHK damene slo Sogndal på bortebane!!

Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Des 2011

I kveldens 3.divisjonskamp for kvinner mellom heimelaget Sogndal og GHK, var det Gloppetausene som til slutt drog det lengste strået og tok med seg 2 velfortjente poeng gjennom Fjærland tilbake til Gloppen.
Desse damene er verkeleg i siget, og kan gå jula imøte med trygg forvissing om at storformen er i anmarsj

Opninga av kampen bar likevel ikkje preg av at poenga skulle kome lett.  Sogndal har ein svært god midtback som styrer mykje av spelet, og Sognejentene drog nytta av både dårleg angreps og forsvarsspel frå GHK si side.  Likevel var det ei målfattig åpning av kampen der Sogndal leier 6-4 etter halvspela første omgong.  Sogndal drar ifrå litt og når det er 8 min igjen til pause er stillinga 11-7, og litt seinare 13-9.  Så klarer GHK å knappe inn på forspranget inn mot pause, slik at stillinga halvveges er 14-12 til heimelaget.

Både Celina og Eli-Anne er viktige brikker på GHK sitt damelag (Arkivbilde)

Andre omgong starter med eit smell og etter 10 minutt er stillinga 20-20. I denne perioden er det litt sånn "sirkustendensar" over spelet begge vegar, dvs mykje underholdning for publikum, men ikkje alltid like godt spel. No tar Sogndal "time out", og kampen står og vippar.  Det er likevel GHK som for første gong kjem i leiing i kampen då dei går opp til 21-20. Dei aukar denne leiinga til 2 og 3 mål dei neste 10 minutta.  Så pådrar GHK seg ei dobbel 2 min utvisning.  Dette nyttar Sogndal seg av og kjem opp i ryggen på GHK igjen.  Men GHk damene let seg ikkje stresse og drar iland ein flott og velfortjent 33-27 siger.  GHK vinn denne kampen først og fremst fordi dei framstår som eit meir temposterkt og med betre kondisjon enn Sogndal.  Eit anna sterkt våpen er at jentene framover er fårlege i alle posisjonar og såleis har fleire strengar å spele på reint angrepsmessig.  Dette var ein solid lagsiger, og ,vil eg tru, gjev stor treningsmotivasjon inn mot julehøgtida.

Desse var med:  Linn Kristin Øren, Benedikte Gåsemyr, Elise H Hansen, Malene Støylen, Torill H Gaasø, Eli-Anne Birkelund (5), Bodil Hjelmeset (6), Maria Kleppe (3), Celina Nordbø (2), Marte H Hansen (5), Heidi Sægrov (7), Hege Roth Andenes (5)


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline