Tap for GHK herrane også i dagens kamp i Bergen

Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Des 2011

GHK sitt herrelag møtte i dag eit av topplaga i 2.divisjon til kamp i Haukelandshallen.  Etter gårsdagens svake kamp mot Bergen Vest, var ikkje forhåpningane store til dagens kamp.  Likevel leverer gutane i dag ein heilt anna kamp enn i går.  Dei gir Viking solid motstand i store delar av kampen, sjølv om dei til slutt taper 35-21.

Jens Chr Andenes spelte ein god kamp i dag (Arkivbilde)

Helgas sjåfør, Gunnar Kjørvik, fortel på telefon frå Bergen at GHK opna strålande og leia tidleg 3-1.  Viking kom ajour og laga kniva jamt heile første omgong.  Den store skildnaden på laga var at Viking sette skota i mål der GHK bomma.  Den same trenden held fram også i andre omgong.  I ein jamn og velspelande kamp er det Viking som skårar mest og vinn fortjent, men meldingane frå Bergen seier at med same kampmoral i gårsdagens kamp mot Bergen Vest som dei hadde i dag mot Viking, hadde 2 poeng vore med bussen heim att til Sandane.

Forhåpentlegvis kjem det meir frå desse kampane når trenaren er heime att og får analysert Bergensturen.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.