G-16 SIGER over Haugen/Eid for Gloppen2. 24-19 (10-11)

Postet av Gloppen Handballklubb den 10. Des 2011

Gloppen 2 stod for ein storarta prestasjon då dei sende Eidarane tilbake over fjorden med 0 poeng.


Dagens menn. Lauritz med 7 mål og Olav med godt keeperspel trass i tidleg skade.


Dette var altså det laget Gloppen 1 tapte for på bortebane, og unggutane frå Gloppen hadde ein formidabel oppgåve føre seg. 

Med Erlend i Oslo og Hans med ryggtøbbel måtte vi hyre inn eit par spelarar frå 95-gjengen, Osmund og Evald. Med Olav i mål hadde vi god tru på at vi kunne spele jamnt mot dei sjølv om vi ofte har slite mot Nordfjordgutane.

Med berre ein innbytar på benken vår byrja kampen jamnt. Laga følgde kvarandre til 3-3, men så stakk Haugen/Eid ifrå og var oppe i 4-målsleiing midt i omgangen. Gutane gav ikkej opp av den grunn, og med knakande godt forsvarspel og godt keeperspel av Olav kjempa vi oss tilbake i kampen.

Så kom Evald på bana og skulle spele venstre back. Ein posisjon han skjeldan spelar. Eit godt pådrag frå Mikael i midt og vidarespel til Evald som satsa 110% på ei blanding av gjennombrot og frosk på utsida av forsvararen. På mirakuløst vis klaren han å skyte eit knallhadt skot i langhjørnet så vi berre høyrer susen i nettet. Årets scoring i Firdahallen og verdt inngangspengane åleine.

Men det skulle kom meir frå denne gjengen. Mot slutten av omgangen klarte vi på litt heldig vis å reduser på rush av Peter og Magnus, og til pause var vi berre eit mål bak.

Magnus sørga for at vi låg berre eit mål bak til pause.


Pausen gjekk med til å forsterke trua vi hadde før kampen om at Haugen /Eid kan vi slå dersom vi er tolmodige og konsenterte.

Andre omgangen starta fantastisk. Dei spelte strålande bakover og byrja å få skikkeleg uttelling framover. Osmund som endeleg fekk spele venstre back fekk vist seg fram og sklei gjennom forsvaret til motstandaren gong på gong. På venstre ving herja Lauritz med motstandaren. Dette var Lauritz sitt store gjennombrot og han har utvikla seg veldig sidan vi byrja å trene i haust.  Han skaut under, over og rundt keeper og er flink til å variere skota sine, var rett og slett knallgod.

God kamp av Osmund som endeleg fekk spele venstre back.


Haugen /Eid klarte aldri å kome tilbak i kampen og gutane kontrollerte inn. Alle kom på scoringslista og bakerst stod Olav med store smerter etter ein strekk i skuldra tidleg i første omgang, men han nekta å gje seg, denne sigeren skulle i "hus".

Desse var med: Olav i mål, Lauritz 7, Magnus 4, Mikael 4, Osmund 4, Evald 3, Peter 1, Sander 1.




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.