2 tap J-16

Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Des 2011

I dag var alle J-16 laga samla i Førde. Vi skulle møte Førde 2 og Stryn.  I utgangspunktet trudde vi at vi hadde ein sjanse til å
slå Førde 2, men Stryn er beste laget i serien so der hadde vi nok
ikkje noko håp om siger i dag.

Gloppen sitt J-16 lag er veldig reduksert
på grunn av skader. Dei 3 mestskårande, Sigrid og Amanda er ute pga
skader og Elise er ute pga K3 kamp. I tillegg har vi 3 med
beinhinnebetennelse, ei med prolaps i ryggen, ei har vore borte heile
hausten pga kyssesykja og ei hadde influensa. Utgangspunktet var derfor
ikkje så godt.





Første kamp gjekk mot Førde 2. Begge laga spelte godt i forsvar. Etter 18
minutt var stillinga 2-2. Sara stod godt i mål. Etter første omgang leda
Førde 2 6-5.
Andre omgang var omtrent som første. Vi var uheldige i angrep og bomma
på gode sjansar. Bomma og på 3 straffer.Ser godt at vi er utan
storskårarane våre.Vi må bli flinkare til å trykke meir på mål før vi
avsluttar. Sluttresultatet vart 14-12 til Førde 2.



Desse spelte: Irene Slagstad (5), Marte Sunde Hjelle (2), Christine
Slagstad, Anne Kristin Haraldsvik, Martha Sofie Eide (2), Ingvild
Slagstad (1), Amalie Mundal (1), Elin Møll, Ragnhild Ryssdal, Sara
Nordbø,og Solgunn Alme







Etter ein time pause stod kampen mot Stryn for tur. Dette vart Stryn sin
kamp frå start til slutt.Stryn sprang oss i senk. Her fekk vi merke at
ikkje alle spelarane hadde så god kondis. Ingen enkel sak å vere keeper
når Strynejentene mang ein gong kom på rusj. Sluttresultatet vart 37-11
til Stryn.



Same spelarane på denne kampen også. Desverre var bildet av
kamprapporten uleseleg. Desse skåra: Sarah Nordbø, Irene Slagstad, Martha Sofie Eide, Ingvild Slagstad, Ragnhild Ryssdal.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.