Dette skulle du sett Thorir!

Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Des 2011

Noregs handball-landslag for kvinner er i desse adventstider i Brasil. Men andre sundag i advent trengde vi ikkje reise lenger enn til Firdahallen for å sjå handball av høg klasse. Gloppen sine damer leverte ein strålande handballkamp og slo BSI 38-28 i ein kamp der sigeren eigentleg aldri var truga.
 

Dei fyrste minutta sleppte Gloppen inn nokre mål frå same skyttar frå BSI, men dei fann raskt ut av ho, og tok kommandoen. Anført av dagens beste, Bodil Hjelmeset, gav dei valuta for pengane til dei mange frammøtte heimesupportarane i Firdahallen. I ein liten periode var BSI nære ved å minske leiinga til fire mål, men GHK tok grep og trygga i land sigeren.
Angrepsspelet fungerte best i dag, med fine kombinasjonar og knallharde og velplasserte skot. Det er kjekt å sjå handball i Firdahallen slike dagar. Det er travelt å klappe for mål 38 gonger, når ein samstundes skal drikke kaffi. Dette til informasjon.

Så tilbake til overskrifta: Om skadar eller sjukdom mot formodning skulle slå ut delar av VM-troppen til Noreg, bør landslagsleiinga sjå til Gloppen. I tillegg til June Andenæs ville han nok kunne finne fleire aktuelle kandidatar!

Redaksjonen beklagar at dette kampreferatet har åpenbare manglar knytt til både det handballfaglege innhaldet og hendingsforløpet i kampen. Sjølv pausestillinga manglar.
Dette skuldast at referatet er forfatta av leiaren av GHK-supporterklubb avd./Bergen. Og han er flinkare å heie enn han er til å følge med.

Øyvind oppsummerar kampen slik:

Viktig og solid siger for oss. Etter eit forsmedelig tap mot topplaget Åsane, og møte med eit BSI lag som spela ein jevn kamp mot Førde laurdag, var det ein viss spenning knytta til dagens kamp.BSI har fleire gode spelarar, og har teke færre poeng enn ein kunne forvente ut frå mannskapet. Så eg er særdeles fornøgd med 2 poeng i dag. Og endå betre er det at det kjem gjennom godt og kreativt angrepsspel. I forhold til våre motstandarar i divisjonen, er ein av våre beste våpen at vi er farlige i alle posisjonar. Mange melder seg på i dagens kamp, og spesielt kjekt er det å sjå evigunge Bodil storspelar både framme og bak. Vi er blitt bedre i kontrigsfasen, sjølv om vi framleis har mykje å gå på. I tillegg kan vi bli flinkare til å gjere jobben for målvaktene våre betre i forsvar.Ufattelig kjekt med siger i dag, men i morgon er det historie. Neste oppgåve er nøkkelkamp mot Sogndal borte neste måndag. Skal vi ta poeng der, må vi vere endå litt betre i alle spelets fasar.

 




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline