K5 damene tapte mot Syril

Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Des 2011

GHK sitt 5.divisjonslag tapte heimekampen mot Leikangerlaget Syril 17-23, etter 4 - 10 til pause.

Trenar Ragnhild Bakketun Vederhus seier i ein kommentar at første omgong var dårleg sett med heimelaget sin auge.  Trass i at ein vann bortekampen mot dette laget tidlegare i haust, var sogningane denne gangen eit langt betre lag og kom frå tre strake sigrar før møtet med GHK.  Andre omgong var langt betre frå GHK si side og denne omgongen endå då også uavgjort.  Jentene kjem nok sterkare att i neste kamp.

Desse var med: Benedikte Vederhus, Eline Åsebø, Aina H Elvebakk, Sigrid S Kissner (1), Bodil Fjellestad, Marie N Midthjell, Kristine S Book, Turid V Aspheim, Malin K Eikenes (6), Sofie Djupegot (1), Jenny Holvik (2), Tirill S Reed (1), Beate Støfring (2), Malene Støylen (4),


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.