Internoppgjer blant helgas kampar

Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Des 2011

Det er klart for ei ny helg med spanande kampar for nesten alle GHK laga.  Dei to gutelaga skal møtast til internkamp lørdag kl 16.55.  Vil tru at 16 åringane har lyst til å "hevne" det forsmedlege tapet på Eid i går, men her skal ein ikkje ta noko poeng på førehand. 15 års laget har synt fin framgong, og valsa over Førde sist.  Kan verte jevnare enn forventa.

K5 damene skal møte Syril i Firdahallen kl. 15.40 i morgon.  Dei slo Syril borte i Leikanger, og vi trur dei gjenntek dette på heimebane.  Dette laget har overraska så langt med stor speleglede og fleire flotte sigrar, sjølv om dei tapte to kampar  i Sogn sist helg.  Dette var jevne kampar som likegodt kunne vippa i GHK sin favør.

Jente 16 laget skal til Førde for å møte både Førde2 og Stryn på søndag. Jentene har slite med skadar på sentrale spelarar i lang tid, og dei siste resultata har gjennspegla dette.  Vi trur dei slår Førde sine nestbeste, men vil slite meir mot gode Strynejenter.  Håpet må vere at dei snart kan stille med dei beste spelarane til kamp.  Då er dei blant dei beste i fylket.

Damelaget i 3.divisjon skal møte tabellnabo BSI i Firdahallen på søndag kl.13.00.  Dersom Øyvind Indrebø får "fyra opp" jentene, trur vi dei slår sine divisjonskollegare frå Bergen og går forbi dei på tabellen.  På sine beste dagar kan desse jentene hamle opp med dei beste laga, og vi håper dei har ein slik dag på søndag.

Herrelaget til Bjørn Roth Andenes går mot ei tøff utfordring på heimebane.  Dei skal møte Åsane som ligg heilt i toppen av tabellen.  Her må dei ha ein veldig god dag for å ta poeng, men ingeting er umogeleg.  Om Edvin, JC og Vegard treff med skota sine, kan mykje vere gjort.  Om gutane i tillegg får støtte av eit entusiastisk heimepublikum, kan det gå mot ein "triller" i Firdahallen søndag kl.15.00.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.