June Andenes og Byåsen "rysta" erkerival Larvik

Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Nov 2011

June Andenes og Byåsen held lenge stand mot eit av verdens beste klubblag, Larvik i kveldens kamp i eliteserien for kvinner i Larvik Arena.  Gloppejenta June synte ingen respekt og var ein av første omgong sine store profilar.  Frå sin strekposisjon laga ho fleire flotte mål, i tillegg til å skaffe laget sitt fleire straffekast.  Sjølv om Byåsen leia til pause og var føre også midtvegs i andre omgong, heldt det ikkje heilt inn.  Larvik vann til slutt 27-24.   Men June Andenes syner at det går an å verte kanongod, sjølv om ein kjem frå "vesle" Gloppen!

Gloppen si store handballstjerne, June Andenes.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline