GHK J16 tapte for Førde 1
Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Nov 2011
GHK sine jenter 16 tapte 18-29 for Førde 1 i kveld. Til pause var det 8-12, men med 17 baklengsmål i 2.omg er det umuleg å vinne handballkampar. J16 sakna dei faste spelarane Amanda Veiteberg, Helene Djupegot og Elise og Sigrid Heien Hansen som alle er ute med skadar.
| Blide jenter, men dette bilde er frå sist jentene møtte Førde. Då vann dei stort. |
I forsvar klarte vi oss godt i første omgang, sjølv om jentene periodevis manglar disiplin i å kome seg tilbake i forsvar. Vi ligg under med berre 4 mål til pause og har alle mulighetar til å snu kampen.
Men Førde var flinke til å trøkke på og gå på lukene og var tolmodige i angrep. Her har vi litt å lære, vi vert for utolmodige og avsluttar på altfor dårlege sjansar. Med meir tru på seg sjølv og vilje til å utfordre i lukene som som mange gongar var store som låvedører, så hadde Gloppen jentene kunne plusse på mange mål på resultat-tavla.
I 2 omgang skora Førde 1 utallige mål på rusj, vi klarer ikkje å kome oss tilbake i forsvar. Det var deprimerande for keeper som gang på gang måtte stå åleine med Førde-jentene som kom på rusj.
| |
| Sara Nordbø fekk lite hjelp aller bakerst. |
Det var mykje positivt idag, men forsvarsarbeid må vere tema på treningane framover.
Målskorarar i dag var: Ingvild (5), Irene (2), Amalie (1), Kristine (1), Marte (2), Elisabeth (3), Marta Sofie (4).
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.