Sterk siger til GHK 2 over Årdalstangen i G16 serien

Postet av Gloppen Handballklubb den 20. Nov 2011

GHK sitt andrelag tok ein sterk 11 målssiger over Årdalstangen i ettermiddag, etter å ha leia 15-11 til pause.  Laget er samansett av alle 15 åringane i klubben, og hadde kun med seg Olav Devik i mål og Ørjan Sundal som leigesoldatar frå 1.laget.  Ørjan var kun på bana nokre minutt i første omgong, så dette var ein solid lagsiger for dei yngste i laget.

Sander fekk sitt definitive gjennombrot som storskytar i denne kampen, og brukte venstrearmen sin som storslegge og dundra inn 7 mål.

Årdalslaget kom frå storsiger over Stryn tidlegare på dag, og vann også heimekampen mot dette GHK laget med to mål.  I dag var det aldri tvil om at gutane våre skulle få sin revansje.  Frå Sander Nesdal dunka inn 1-0 såg gutane seg aldri tilbake.  I dag var det spesielt kjekt å sjå at alle spelarane var på "hugget"og bidrog med flotte mål frå alle kantar.  Flotte vingskot av Kristian og Peter, "ormen" Magnus på strek er aldri lett å få tak på og sette inn 5 mål.  Til pause leia vi med 4 mål 15-11.

Magnus Morritsgård med eit av sine mål frå strek.

I andre omgong berre fortsette gutane våre med den eine "lekkerbisken" etter den andre.  Sander Nesdal fekk endeleg synt kva som bur i han som venstrehandsskytar og dundra inn mål etter mål frå distanse. Laurits teikna seg også for sine første mål i GHK drakta og spela ein fin kamp.  Til slutt må vi også ta med gode Olav Devik i mål.  Han stod ein prikkfri kamp i mål, og var også svært delaktig i storsigeren.Flott Olav!  Kjekt var det òg å sjå at når dei normalt beste på laget, Erlend og Mikael, ikkje heilt får alt til å stemme likegodt, ja då trør dei andre til så det gnistrar av dei.  Men bevares, begge desse gutane gjorde manns jobb både i forsvar og også framover på bana.

Fotrappe Kristian Henden med 3 flotte mål i dag

Peter Wilke med glimrande kantteknikk sette inn 3 mål

Desse var med: Daniel H Reed, Olav Devik, Erlend Ulvestad (4), Mikale Alander (3), Hans Sande (3), Ørjan Sundal (4), Kristian Henden (3), Sander Nesdal (7), Peter Wilke (3), Laurits Bjørnarheim (3) og Magnus Morritsgård (5)


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.