K5 damene slo Vik 24-20 etter sterk sluttspurt

Postet av Gloppen Handballklubb den 20. Nov 2011

GHK sitt 5.divisjonslag imponerte med sterk vinnervilje då dei klarte å snu kampen mot Vik på slutten og drog iland ein 24-20 siger, etter å ha lege under 10-11 til pause.

Glade jenter som bidrog med viktige skåringar i slutten av begge omgonger. Malin Eikenes og Sofie Djupegot jublar etter kampen.  Begge skåra 6 mål kvar.

Som i gårsdagens kamp mot Fjøra, gjekk jentene ut i hundre og tok ledelsen før minuttet var spela. Utover i omgongen held dei på leiinga, før Vik kom ajour og gjekk forbi med fleire mål og var ei stund oppe i 5 måls leiing.  I denne perioden gjorde damene mange feil framover og vart hardt straffa av Vikjatausene for det.  Fram mot pause tok heldigvis Sofie Djupegot ansvar og dundra inn 3 mål på rappen, slik at ein låg berre bak med 1 mål til pause, 10-11.

Malene Støylen med fleire viktige mål i andre omgong.

Andre omgong var mykje lik den første ei god stund.  Vik med nokre måls leiing, og GHK damene halsande bak.  Sjølv om mykje gjekk imot i denne perioden var det likevel fantastisk flott å sjå at det gode humøret og spelegleda aldri forsvann.  Sakte men sikkert kom jentene våre opp i ryggen på Vik og gjekk forbi.  Mykje takka vere fotrappe Malin Eikenes som endeleg fekk skota til å sitte, arbeidsmauren på strek Sigrid Kissner og ikkje minst Malene Støylen som også sette inn fleire mål i denne perioden.  Når så Sofie Djupegot putta ei par nye mål mot slutten, tok jentene ein fortjent 24-20 siger til stor jubel frå eit entusiastisk heimepublikum.  Mange spelarar nemnt, men ingen er gløymt.  To gode keepera i Benedikte Vederhus og TV kokk Bodil Fjellestad, samt ein "tung" venstrearm frå Jenny Holvik var òg med og bidrog til sigeren.  Som før sagt, det er moro å sjå spelegleda til desse jentene.

Trenar Ragnhild måtte ta timeout for å minne jentene om at dei måtte skjerpe seg. Det gjorde dei til gangs!

Desse var med: Eline Aasebø (2), Hildegunn L Otnheim (1), Sigrid Kissne (2), Sigrid Fjellestad, Kristine S Book (1), Benedikte Vederhus, Turid V Aspheim, Bodil Fjellestad, Malin K Eikenes (6), Sofie Djupegot (6), Jenny Holvik (2), Beate Støfring, Malene Støylen (4).


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline