Ny stor kamphelg i Firdahallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 18. Nov 2011

Det går mot ei spanande helg med kampar i Firdahallen både laurdag og søndag, før jentelaget (J16) avsluttar med heimekamp mot Førde mandagskvelden.

Kan desse damene sende Åsane heim utan poeng??

I morgon er det klart for storkamp i damenes 3.divisjon då Åsane tar turen til Gloppen for å møte våre beste damer.  Åsane ligg på 4.plass på tabellen med 2 poeng meir enn GHK og har i tillegg 1 kamp mindre spela.  Vi trur likevel at Hege Roth Andenes & co kjem til å selja seg dyrt og håper på 2 nye poeng til GHK.

I damenes 5.divisjon har GHK 2 heimekamper denne helga.  I morgon kjem sentrumslaget Fjøra frå Sogndal på besøk.  Fjøra har spela 2 kamper til no med tap i begge, så her trur vi damene våre tar 2 poeng.  På søndag skal GHK møte Vik som har ein storsiger borte over tabelljumbo Aurland, og eit tap heime for sognalaget Bjørn.  Vi spår ein jevn kamp som "bikker" i vår favør.

I 16års serien tar GHK sitt andrelag imot Årdalstangen til revansjeoppgjer etter å tapt bortekampen i Årdal med 2 fattige mål.  Her reknar vi med at "The Boss" Erlend Ulvestad får med seg lagkameratane sine og sender Årdølene heim til Sogn utan poeng.

På mandagskvelden tar J16 laget imot Førde.  Jentene er inne i ein vond periode med skader på mange sentrale spelarar. Heien Hansen tvillingane er skada, Amanda Veiteberg slit enno med den langvarige skaden sin, og også Marte Sunde Hjelle og Marthe Sofie Eide er skada.  Cristine Slagstad er òg usikker pga skade. Om nokon av desse er klare til mandag er uvisst, men uansett vert det ein tøff kamp når så mange av dei sentrale spelarane slit.  Kanskje kan eit talrikt publikum hjelpe??


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline