Ny spanande handballaurdag i vente!

Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Nov 2011

Det går mot ein ny spanande handballdag i morgon når fleire GHK lag skal i aksjon. Jente 15 tar imot Bremanger, medan herrelaget tar imot Sotra.  Begge kampar i Firdahallen. Gutar 16 skal til Stryn med begge sine lag.

Denne gjengen har skumle planer i morgon!!

I jenter 15 serien ligg GHK på 4. plass med 3 poeng, etter ein siger-ein uangjort-eit tap.  I morgon kjem kystlaget Bremanger på besøk, og her bør absolutt jentene våre kunne ta 2 nye poeng.  Bremanger ligg heilt sist på tabellen utan poeng.

Herrelaget skal som kjent møte tabellnabo Sotra.  Sotra ligg 2 poeng føre våre menn på tabellen, bl,a etter siger mot FyllingenBergen 2 og NHHI.  Lag som GHK har tapt for i serien, så her vert det garantert ingen enkel match.  Men med solid innsats og publikum i ryggen skal vi vere a poeng med morgondagens motstandar etter kampen.

Gutelaga skal til Stryn for å møte heimelaget.  Eit Strynelag som kun har spela ein kamp sålangt.  Denne enda med knepe tap borte mot Vik.  Eit Viklag som har, når dei møter til kamp, to starke sigrar så langt. Uansett bør gutane til Torbjørn og Gunnar kunne ta nye poeng i morgon her, og stadfeste sin posisjon som fylkets beste 16 årslag.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.