Nynytt om skobruk i Firdahallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 10. Nov 2011

Frå Gloppen Kommune har vi motteke følgande melding når det gjeld bruk av joggesko i Firdahallen. (Dette gjeld ikkje vanlege hallsko)

aSTAR Salvation 3M JoggeskoAnima Bugrip Joggesko

Fylgjande joggeskomerker er "merkefrie" på golvet.

Mizuno - vanlege joggesko m/svart såle - set ikkje merker. Her er å anbefale typen Wave Rider. Dette er ein lett sko med god demping og passar best til damer.

Adidas- joggeskomodellar nyare enn 2010 - set ikkje merker. Her er å anbefale Supernova eller Adistar Ride - som kan vere å anbefale for herrar.

Sporten har begge merker/ Chatlet har adidas.

Asics - alle modeller med svart såle set merker

Saucony - set merker

New Balance - set merker

Nike - set merker.

Unntak for inneskokravet kan gjevast til utøvarar med skadeproblem og for idrettar som krev særskilde eigenskapar i skoa. Det er dei to joggeskomerka og typar som er merkefrie det blir gjeve unntak for.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline