Då topplaga inntok kunstdekke i Firdahallen!

Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Nov 2011

Mange Gløpparar hadde tatt turen til Firdahallen for å sjå GHK-herrane og damene møte topplaga i sine respektive divisjonar.

Damene var klare for sesongens fyrste siger og herrane var sugne på sin tredje strake!
Det var klart for ein flott dag i Firdahallen!
Ville det bli nye jubelscener?
Laurdag fekk både GHK-herrane og damene besøk av serieleiarane i sine respektive divisjonar, fyrst ut var damene, som hadde fått storfint besøk av ein gjeng talentfulle jenter fulle av Gneist.
Gneist damene stod bokført med sterke 5sigerar og ein uavgjort på seks kampar, før gårsdagens kamp mot jentene våre.
GHK hadde på si side to uavgjorte og to tap, således var Gneist stofavoritt før møtet, men jentene våre hadde i forkant imponert mot Førde og heimepublikummet gjekk til kamp med vissheit om eit GHK lag i gryande form, og når jentene er nære formtoppen, då kan dei slå kven som helst!
Brannvesenet!

Kampen starta godt for GHK-damene, etter fire minutt stod det 3-0 til damene og eit sjokkert Gneist-lag kunne konstantere at her var det ikkje berre å hente poenga utan å måtte kjempe for dei.

Anført av Bauta-Eli-Anne og Torill i forsvar, vart det vanskeleg for Gneist å etablere eit godt angrepsspel, noko som gjenspegla seg i ansiktsutrykka til gneist-damene, til stor glede for heimepublikummet.

Kampen var og prega av eit kjærkoment gjensyn med Bodil, som etter ei pause frå handballen, har velsigna Gloppenhandballen med sitt talent!

To talentfulle, nybakte 16-åringar var med i troppen, og Elise scora sitt fyrste mål på seniornivå, så vi treng ikkje bekymre oss for framtida til GHK-damene, her er det mykje talent! 

Framover i bana viste Bauta-Eli-Anne at ho kan anna enn å bruke brannslokkingsapparatet i forsvar, gang på gang banka ho ballen i mål etter innspel og returplukking.
Celina hadde òg ein god dag på kunstdekket i firdahallen, harde velplasserte skot gjorde at GHK kunne gå til pause med eit 8-målsleiing.

I pausa bestemte jentene seg for å vinne andre omgang, ein kan ikkje gå ifrå bålet før Gneisten er slukka ordentleg..


Andre omgangen var kanskje ikkje like velspelt som fyrsteomgangen, Gneist kutta leinga til 5mål, men GHK holdt roen og det var aldri nokon tvil om kvar poenga skulle havne, med rutinerte spelarar som Hege, Elianne, Bodil, Linn og Heidi, skal det meir til for å skremme jentene våre og det var aldri nokon tvil om kvar poenga skulle havne!

Kjekt å sjå damene i kontra, med eithandsmottaka til Hege som glasuren på ein fantastisk kake som GHK-jentene serverte til hemepublikummet.

GHK damene overbeviste mot serieleiaren og halte i land ein imponerande 9-målssiger, 32-23.

Med damene som inspirasjon, var det herrane sin tur til å møte serieleiaren i sin divisjon, Årstad.

Årstad har starta sin sesong i 2.div, etter opprykk forrige sesong, på imponerande vis. 5 sigerar og 2 tap er absolutt imponerande.

I forhald til damekampen vart dette ein jamnspelt kamp der Årstad var i føringa heile kampen. Herrane hadde store problem med å dekke opp for Årstads storskyttar Tarjei Rommetveit, samme problemet hadde Årstad med GHK sin storskyttar, Jens C. Andenæs som banka inn fleire flotte mål i fyrsteomgang.
 
Det kunne virke som om herrane hadde brukt opp alt av marginar i kampen mot Stord2, for i denne kampen gjekk det meste stang ut. Hadde desse gått inn kunne ting sett mykje lysare ut.
Det skal nevnast at GHK stod godt i forsvar og lenge holdt Paul Remi laget sitt inne i kampen med flotte redningar.
Arild står som alltid godt i forsvar og fekk seg ein lårhøne som han(mandig som han er) rista av seg i pausa.

Til pause låg GHK under med eit par mål, og kampen var langt frå avgjort.
Peptalk!

Andre omgang begynte litt som fyrsteomgangen, fortsatt godt forsvarsspel, men framover skortar det litt.
På eit tidspunkt i kampen lønnar hardtarbeidande forsvarsspel seg og vi får tre kontringsmoglegheiter som alle resulterar i stang ut, uheldig. Hadde herrane satt desse, ville dei vore hakk i hæl på Årstad.

Stang ut syndromet spreidde seg og Vegard hadde flotte satsningar som diverre òg fann vegen til målstengene.
Bjørn Magnus spelar godt framover og lagar straffer som gjer at GHK ikkje er heilt hekta av.

Diverre fortsett Terjei Rommetveit å banke inn mål frammover på bana og Årstad drar ifrå sakte men sikkert, det heile endar i eit antiklimaks når venstrebacken til Årstad fyrer av eit backhandskot, Balic-samanlikning verdig, som finn vegen til nettmaskene, klasse!

Årstad vinn kampen 19-26, men resultatet lyg litt, det var jamnare enn som så. Herrane skal ha skryt for å gje serieleiaren verdig motstand, og dei verkar for å vere meir stabile enn fjorårssesongen, noko som lovar bra framover.
Dette var ikkje ein kamp GHK skulle vinne, her hadde dei ingenting å tape.
Difor var det gledeleg at dei gjorde ein god figur mot topplaget, dette lovar bra.
Alltid surt å tape, men alt i alt ein god kamp av Bjørn sine disiplar.

Vi satsar på at vi får sjå liknade scener neste heimekamp for herrane!
Scenario neste heimekamp!











0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline