Siger og tap for G16 laga i Årdal.

Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Nov 2011

GHK sine G16 lag var i Årdal for å møte heimelaget i dag.  GHK 1 banka Årdølene 24-17 etter å ha leia 10-9 til pause, medan GHK 2 tapte knepent 18-20 for det same laget etter å ha lege under med 9-11 til pause.

Vegard Sælen, Evald Devik og Ørjan Sundal hadde full kontroll på Årdal i første kampen.

Årdalstangen-GHK 17-24 (9-10)

Først ute var GHK sitt 1.lag som er samansett av 16 åringane.  Etter at Årdal skåra første målet, gjekk GHK tidleg opp i ei firemålsleiing.  Dette stod seg utover i omgangen, men så pådrar GHK seg fleire 2 min utvisningar som Årdal utnytter og korter inn på avstanden inn mot pause.  Fleire tekniske feil av spelarane våre bidrar også til at stillinga ved halvtid er kun 10-9.

Ikkje lette å skubba seg på desse karane når dei er fullt konsentrert.

I andre omgong skåra Vegard og Ørjan 2 kjappe og auka til 12-9.  Så skåra Årdal på straffe til 10-12, og det skulle gå ei stund før dei fekk kjenne målsusen att.Andreas Kleppe, Vegard og Ørjan herja til tider med Årdalsgutane og auka jamnt og trutt til 18-10, før Årdal fekk sitt neste mål etter halvspelt andre omgong.  To flotte mål av Bendik Eikenes og Evald Devik + to av Ørjan og GHK var i 10målsleiing 22-12. Årdal skårer, men Evald svarer kjapt til 23-13.  Så vert utruleg nok Daniel Hjolhman utvist i 2 min etter ei takling på 6 metern.  Med kun ein målmann med oss, vert Andreas Kissner sett i mål.  Han gjer ein strålande jobb, men Årdal kjem opp i 16-23.  Laga skårer ein gong til kvar slik at sluttresultatet vert 24-17 til GHK.  Ein lokal FairPlay jury kåra Ørjan Sundal til GHK sin bestemann.  Han banka inn heile 10 mål i kampen, dei fleste frå distanse.

Desse var med: Daniel Hjolhmann Reed, Vegard Sælen (5), Åsmund Sælen, Ørjan Sundal (10), Evald Devik (3), Andreas Kleppe (2), Osmund Vereide, Andreas Kissner (1), Bendik Eikenes (3), Dag Håkon Moen.

Årdalstangen-GHK 2 20-18 (11-9)

Etter ein times pause var det klart for 15 års gutane sin kamp mot det same Årdalslaget. Daniel, Åsmund og Vegard var med frå første kampen.  Årdal gjekk i leiinga, men Erlend Ulvestad og Sander Nesdal snudde til 1-3 for GHK.  Årdal kjem tilbake og snur til 5-4. Vegard utliknar til 5-5 før fotrappe Kristian Henden spring frå alle og skårer til 5-6.  Så vert Erlend utvist i 2 min, Årdal skårer på straffa og drar frå til 11-9 til pause.

Sjefsskytar Erlend Ulvestad med herleg mål

I andre omgang er Årdal i føringa med GHK jagande frå to til fire mål bak.Erlend, Åsmund og Magnus Morritsgård frå strek lager flott mål og stillinga er 17-15 til heimelaget som på nytt rykker frå til 19-15. Så får Årdal 2 mann utvist samtidig, og GHK kjem opp på 19-17.  Årdølene held likevel hovudet kaldast og vinn 20-18.  Erlend Ulvestad vert kåra til GHK sin beste spelar av den lokale juryen og vart òg toppskårar med 7 flotte mål.

Desse var med: Daniel Hjolhman Reed, Peter Wilke, Hans Sande (2), Laurits Bjørnerheim (1), Magnus Morritsgård (1), Kristian Henden (1), Sander Nesdal (1), Erlend Ulvestad (7), Åsmund Sælen (1) og Vegard Sælen (4).

Årdal sin nr 70 var vanskeleg å stoppe

Vil også gje honnør til arrangørane i Årdalstangen IL som laga ei fantastisk flott ramme rundt begge kampane.  Verkeleg bra!  Takk til dei fantastisk flotte ungdommane vi har i GHK, som gjer det til ein fornøyelse å reise på tur med dei.

0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline