Topphandball i Firdahallen.

Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Nov 2011

Så er det klart for ny handball-laurdag i Firdahallen. Damene er klare til fyrste heimekamp mot tabelltopp Gneist kl 15.00 og herrane tek imot serieleiar Årstad kl. 17.00. Ingen grunn til å sitje heime åleine laurdag ettermiddag...

Endeleg skal damene spele heimekamp, det har vi gleda oss til leng. To nye får sin debut i Firdahallen i morgon etter 16-års feiring torsdag, hurra for Sigrid og Elise!

 

Stemninga i laget er upåklageleg, den ein er trenaren er engasjert og lett antenneleg, den hin avbalansert og spankulerande i lys blå landslagsovertrekksdrakt frå -93, Marte og Celina er klare med ny musikk, Heidi og Hege har styr på lunsjen, Bodil is back og det var møleg å få ballen i nota på trening idag-altso alt i skjønnaste orden :)

GHK sin supperterleiar er dessverre utanbygds denne topphelga, men han har likevel gjort sitt ytterste for å få opp tenning og guts for det sterke kjønn før kampen med god gammaldags heimesnekra poesi:

 
Når Gloppen sine damer tek imot Gneist,
er eg diverre til England reist.
Så de må nok klare dykk utan Peder
GHK sin supporterklubb-leder.
Dette er kampen vi alle vil sjå...
Ghk sine damer mot jenter så små
Flammande kvinner mot gneisten så veik
Møte opp på kamp, men fyrst: trykk på "like".

Eg skal nok likevel ikkje stor sorg lide
referat kjem vel på GHK si nettside?
Resultatavla går nok totalt i stå
grunna høgt antall mål til GHK.
Tåler den tresifra?, lurer eg på
Møt opp i hallen, så får du sjå.

G HÅ KÅ!
Ps: Hugs sko med lys såle!
 
 
 
Etter sesongbeste forrige helg gledar herrane seg til å ta imot serieleiar Årstad. Årstad er nyopprykka frå 3. div i år, men har fleire profilar med erfaring frå 1div. Man bør holde auge med nummer 6 Tarjei Rommetveit tidligere topscorer i 1. div og ungdomslandslagsspelar, samt nummer 22 Joachim Nilsen fra Nornen. Stemninga har vore særdeles god og drengerne gledar seg til å gje alt i Firdahallen. Vi håber på tilskodarrekord for iår.
 
G16 1 og 2 reiser på poengjakt til Årdalstangen i morgon, vi ønskjer lykke til. Følg med her for referat og bilder!
   
Gløym heller ikkje June og Byåsen vs FC Midtjylland i Champions league i morgon kl 13 på Tv2 sport!



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline