Spananande kampdag i morgon

Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Nov 2011

Det går mot ein spanande laurdag for alle handballfans som likar GHK.  På heimebana i Firdahallen skal både damelaget i 3.divisjon og herrelaget i 2.divisjon møte topplag i sine respektive divisjonar.  Bjørn Roth sine gutar skal prøve å følge opp forrige helgs gode kamp mot Stord Elite, medan Øyvind Indrebø sine jenter jakter årets første siger mot Gneist.  Gutar 16 reiser med begge  sine lag til Årdalstangen for å møte heimelaget der. I hovudtrenar Torbjørn Sælen sitt fråvær, er det den gamle GHK kjempa Gunnar A Vereide som er lagleiar.  Skal vi sei 8 poeng til GHK før dagen er omme??

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.