G16 ENDELEG I GANG

Postet av Gloppen Handballklubb den 30. Okt 2011

Etter to utsette kampar kom endeleg gutane i gang med sesongen. Ikkje ein dag for tidleg. Florø kom på besøk og skulle måle kreften med våre gutar, og dei fekk det tøft.

Ørjan set punktum på frikast mot Florøspelarar i kne :-)
Gloppen1 - Florø 26-18 (17-8)
  
Gloppen1 er nok rekna som favorittar til å vinne serien i år, og det var kanskje det som prega laget litt i dag mot Florø. Dei greidde ikkje å sleppe seg laus, og det vart noko stivt over spelet deira.
Vegard i skotet

Dei opna bra og tok med ein gong kommandoen i kampen. Ørjan byrja på strek fordi vi ville sette ein godt forsvar med ein gong. Dette fungerte bra, og Florø slapp lite til. Det var berre slektningen til Ørjan, Olav Arne Sundal, som kom til med skota sine og han scora heile 10 mål for Florø. 
Daniel stod som vanleg godt i mål

I etablert angre var det Andreas Kleppe som stadig banka inn mål frå distanse, og Dag Håkon og Kissner rusha oss til ei 17-8 leiing til pause.
Osmund er ikkje lett å stoppe

Kampen var då i realiteten køyrd og vi var einige om å gå på bane med glød i andre omgang og stå på heile kampen. Det motsette skjedde og vi tapte omgangen med 1 mål.  Ingen god kamp frå vår side, men poeng vart det og det skal vi vere nøgde med

Desse var med: Ørjan 6, Kleppe 6, Vegard 3, Kissner 3, Osmund 3, Dag Håkon 2, Åsmund1, Odd Martin 1, Bendik 1. Daniel og Olav i mål. 


Gloppen2 - Florø 30-25 (14-15)

Så var det 96-gjengen sin tur å spele. Her var det meir glød og innsats og det vart ein velspelt og underhaldande kamp. Gloppen tok kommandoen frå start og leia tidleg med 3 mål. Florø kom tilbake og laga følgde kvarandre tett utover omgangen.
Mikael flyg inn frå ving og skårer

Bakspelarane Erlend, Mikael og Hans herja med Florø og prikka inn eine målet etter det andre. Til pause låg dei rett nok bak med 1 mål, men hadde slett ikkje tenkt å gje seg. Med Erlend som "big boss" i forsvar kom dei på bana i andre omgang med siger i blikket.
The Boss

Hans opna no på høgre ving og sette inn fleire flotte mål. Når han måtte spele bak kom Peter inn på same plassen og var ikkje noko dårlegare og laga 3 fine mål. Mikaele spelte strålande som midspelar og han brukte stadig florøsparane som rundingsbøyer. Mikael er også byrja å skyte meir og såleis blir han endå vanskelegare å stoppe. Når vi tar med at Daniel stod godt i mål måtte det til slutt ende med 3 poeng til gutane. Sluttresultatet 30-25 var godt kjempa av gutane og no leiar Gloppen1 tabellen føre Gloppen2.

Desse var med: Erlend 8, Mikael 7, Hans 6, Peter 3, Osmund 3, Magnus 1, Kristian 1, Sander 1, Lauritz, Olav og Daniel.
Hans er sikker på straffer
Kristian med flott skåring


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline