Spenning til siste slutt då GHK J16 tapte knepent for Stryn

Postet av Gloppen Handballklubb den 29. Okt 2011

Det vart ein triller av ein handballkamp i Firdahallen i dag då GHK sine 16 årsjenter tok i mot naboen Stryn til toppkamp.  Etter ein litt rotete 1. omgong der Stryn leia 14-10 til pause, kom jentene våre for fullt i den andre og laga spenning til siste slutt - sjølv om Stryn til slutt vann 27-25.

GHK kom best i gong og leia tidleg 2-0, men Strynetausene kom tilbake og snur til 3-5 leiing. Anført av ei, for dagen småsjuk, Sigrid HH kjem GHK tilbake og utliknar til 5-5.  Stryn vil likevel mest og drar frå til 5-9, før Ingrid tar timeout.  I denne peioden brenn GHK fleire 100% sjangsar, medan Sara held jentene nokonlunde med i kampen med fleire flotte redningar. GHK får nokre fleire mål, men Stryn drar frå til 14-10 leiing ved pause.

I andre omgong starter begge laga bra og skårer fleire flotte mål, før GHK jentene starter på ei fantastisk opphenting.  Sjølv om ein bommer på straffe, ligg ein berre 2 mål bak med 17-19 etter halvspela andre omgong.  Så vert det 18-20, før Amanda fintar seg gjennom til 19-20.

  No vert det verkeleg liv i hallen og Irene kastar seg inn frå vingen til 20-20.  Like etter kjem Elise i annkomst og jentene er i føringa med 21-20.  Stryn kjem tilbake til 21-21 og 22-22, før Irene nok ein gong kjem frå kant og set inn 23-22. Stryn utliknar igjen, før gode Amanda set inn 24-23. Så vert truleg kampen avgjort.  GHK vinn ballen i forsvar, men istaden for å roe ned spelet vert det sendt ei langpasning som vert alt for lang.  Stryn kjem tilbake og får straffe samstundes som GHK får ein 2 min utvisning. Stryn set straffa i mål og går også i leiing då GHK misser ballen i angrep. Stilling 25-24 til Stryn. Gjestane frå nabobygda går også opp til 26-24, men GHK reduserar til 25-26 med 2 minutt att av kampen. 

Så varter Sara opp med nok ei fin redning før GHK tar timeout med 1,40 att.  GHK gjer nok ein feil i angrep og Stryn kontrar inn 27-25 som og vert sluttresultatet.

Alt i alt ein god handballkamp mellom to gode lag.  GHk tapte nok kampen på alt for mange personlege feil i angrep, men kjem garantert sterkt tilbake ved neste korsveg.

Målskårarar i dagens kamp: Elise 9, Sigrid 7, Amanda 4, Irene 3, Ingvild 1 og Marte SH 1.

PS! Kjem kanskje bilder om ei stund.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline