Knipe tap for damene mot topplaget Førde

Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Okt 2011

GHK sitt damelag i 3.divisjon tok i dag turen til Førde for å møte eit heimelag med 4 strake gevinster.  Det enda med 30-28 siger til heimelaget, som også leia 16-15 til pause. Som tala syner var dette ein relativ jamn og spanande kamp frå start til slutt.  GHK kom best i gang og leia store deler av første omgong.  Førde var ikkje føre før det var 5 min att av omgongen.  Så fekk GHK ei uheldig utvisning på tampen som Førde utnyttar og skårer direkte på frikast.  Dette gjer at Førde starter andre omgong med ein spelar meir på bana og opparbeider seg etterkvart ein 5 måls leiing etter 10 min av omgongen.  GHK kjempar seg tilbake i kampen og snur ei 27-26 leiing til Førde til 28-27 til GHK. Førde kjem tilbake og utliknar med kun halvanna min att.  Så brenn GHK eit angrep og Førde kjem føre på nytt.  Det same gjenntar seg og Førde vinn med 2.  Alt i alt ein jevn og god kamp i Førde som like gjerne kunne vippa andre vegen.  Damene kjem garantert sterkt tilbake!  Målskårarar i kveld var Heidi (7), Eli-Anne (6), Maria K (5), Marte H (4), Hege (3) og Celina (3)



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline