Uavgjort for J15 borte mot Florø

Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Okt 2011

J15 laget til GHK spela i dag uavgjort 13-13 mot Florø i Florø Idrettssenter.

 

 

 

Første kamp for sesongen med fleire spelarar som ikkje hadde spelt ilag før.

Vi låg bak heile kampen med inn til fire mål.Forsvarsspelet fungerte brukbart,men i angrep var det tydeleg vi ikkje var samspelte nok.Det vart for mykje ein og ein,og Florø si gode målvakt stoppa dei fleste skudd.Vi greide likevel å komme likt med Florø,og hadde matchball med 15 sekund igjen uten at denne lukkast.

Greit nok resultat,og vi fekk ein god peikepinn om kva som må trenast på framover.

 




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline