GHK K5 "grusa" Aurland

Postet av Gloppen Handballklubb den 22. Okt 2011

GHK sitt 5.divisjonslag for damer hadde få problem med å sende Aurland den lange vegen heim med 24-3 tap.  Anført av ei glitrande Benedikte Vederhus i mål og ei sprudlane Malin Eikenes i skåringsform leia GHK med smått historiske 14-0 til pause.

Artig pauseresultat !

Sjølv om ikkje finspelet var tilstades til ei kvar tid, var underhaldningsverdien høg i dagens kamp. GHK jentene sprudla av speleglede og spela til tider "ball i hatt" med svimle Aurlandsdamer. Og det skal damene frå Aurland ha: Dei vart rundspelte, men smilet låg også her på lur heile tida. Det kan ikkje vere lett å halde motivasjonen oppe når det går heile 7 minutt inn i andre omgong før dei set inn sitt første mål i kampen.  Kampens toppskårar vart fotrappe Malin Eikenes med 13 mål.

Malin med eit av sine 13 mål

Dette GHK laget er samansett av mange flotte spelartyper som heilt sikkert vil bidra på eit høgare nivå i åra som kjem.  Malin Eikenes og Benedikte Vederhus er nemnt, men også Jenny Holvik med ein sterk venstrearm synte fine takter med 5 mål.  Men heile laget fortjener ros for framifrå innsats og til tider fint spel. Steintøffe i forsvar og med bra trykk i angrep.

Ikkje lett for Aurland å kome til avslutning mot eit pottetett forsvar hos GHK.

Desse var med i dag: Benedikte Vederhus, Bodil Fjellestad, Eline Aasebø (1), Hildegunn Otnheim (2), Aina Heggdal Elvebakk, Sigrid Skipenes Kissner, Marie Nilsen Midthjell, Kristine Stensaker Book (2), Malin Eikenes (13), Sofie Djupegot, Jenny Holvik (5) og Malene Støylen (1).  God dommar, Terje Holvik.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.