Tap mot Bergsøy

Postet av Gloppen Handballklubb den 19. Okt 2011

Tysdag tok disiplane til Bjørn Roth-Andenæs den lange turen til Møre for å spele sesongens tredje treningskamp!
Med ein sikker og god sjåfør tok vi fatt på turen med friskt mot, med siger i siktet.



Tysdag tok disiplane til Bjørn Roth-Andenæs den lange turen til Møre for å spele sesongens tredje treningskamp!
Med ein sikker og god sjåfør tok vi fatt på turen med friskt mot, med siger i siktet.

Kampen starta bra og vi leiia med 2-3 mål gjennom store deler av fyrste omgang, men vi opplevde ofte å blei heimsøkt av "GHK-spøkelset". 
"GHK-spøkelset" gjer at vi får får ein/fleire downperiodar, der vi mistar futten både framover og bakover. Vi merka i denne kampen at spøkelset fokuserte mest på forsvarsspelt vårt, for det var lang under pari!

 Bergsøy hadde mange kjappe spelarar som fekk springe relativt uforstyrra innanfor vår 9meter og skyte upressa.
Dette visste Bergsøy å utnytte då det blei avfyrt mange gongar i midten, som resulterte i mange mål, mål som Hjolman Reed ikkje kan klandrast for då forsvaret var fråverande.

Det skal og nemnast at JensC viste gryande form etter treningsopphaldet med Byåsen og banka/flaug inn mange kremmarhus! Det ryktast at JensC vil ha lasermålaren tilbake i FH, med god grunn!

Sjølv om forsvarsspelet ikkje satt, scora vi mange mål, spesielt i 1.omg viste vi at trekka sitt og at vi har mange unge lovande som veit kvar målet står!
Unge Moritsgård hadde mange flotte gjennombrot som resulterte i mål!

2omg starta ikkje like bra som den fyste, det er Bergsøy som styrer denne omgangen!

Vi fortsett å score mål framover, men med lengre mellomrom, forsvaret slit vi fortsatt med.
Mykje tull frå begge lag gjer scoringstavla viser omtrent død løp.

Mot slutten av omgangen tar Bergsøy seg saman, utan at GHK gjer det samme. Dette gjer at dei får eit forsprang på 3-4mål, som vi ikkje maktar å hente inn. Med to kjappe reduseringar på slutten, endar kampen med 33-32 til Bergsøy, ein kamp som vart leiia av ein eminent dommar som ikkje hadde dømt handball på 5år(!), så vi har ingen andre å skulde på enn oss sjølve.

GHK viste seg ikkje frå si beste side, vi mangla "tenning" spesielt i forsvar, men eg er sikker på at den er på plass til helga, når vi tar turen til Bergen!
Då får vi i tillegg eit kjærkoment gjennsyn med vår kaptein og sjef i forsvar, som skal vise korleis ein set ei god takling!:)

Når vi får til kombinasjonen av godt forsvarsspel og mykje mål, ja då trur eg vi kan plukke poeng ifrå mange av våre divisjonskollegaer!

Takk til Bergsøy for kampen, og vi håpar vi kan få til ein "returmatch" i Firdahallen!










Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline