Tap for G16 laget i første Bringkvallikkamp.

Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Okt 2011

Gutane fekk ein dårleg start på Bringkvalliken då dei rauk på eit 27-16 tap for Fyllingen i dag.  Om det var den kaotiske starten på dagen som gjorde utslaget (Bussen streika når dei skulle køyre frå Sandane i dag tidleg, så ein måtte tromme i hop privatbilar for å kome seg til Bergen.  Framme i Bergen ein knapp time før kampstart) er vanskeleg å sei, men første omgang var katastrofal dårleg.  Fyllingen tok gutane våre på tempoet så det heldt og leia 17-4(fire!!!) til pause. I pausen klarte trenar Geir Giil å vekke spelarane, slik at andre omgang enda med 12-10 til GHK.  Men kampen som sådan var avgjort til pause.  Trøsta for troppen i Bergen får vere at Fyllingen nok er det beste av dei tre laga vi møter. 

Ny kamp mot Årstad kl 18 i ettermiddag.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline