Braktap for damelaget i Bergen!

Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Okt 2011

I dagens kamp mot Fyllingen 2 gjekk det "skeis" for damene våre.  Etter å ha gjennomført første omgong til godkjent der ein berre låg under 11-13, rakna det fullstendig i andre omgong.  35-18 til heimelaget lyste på tavla etter 60 minutt. Dette var ein kamp med kollektiv svikt over heile linja, og ein kamp ein bør gløyme fortast mogeleg.

Laget var det same som i går, og i dag kom følgande på skåringslista: Heidi (4), Ingrid (1), Celina (4), Hege (5), Marte (2) og Eli-Anne (2).


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.