Ny uavgjort for damelaget i 3.divisjon!!

Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Okt 2011

GHK sitt damelag i 3.divisjon spela i dag uavgjort 26-26 borte mot Kjøkkelvik 2, etter å ha leia 13-10 til pause. 

I Olsvikhallen var det Gloppedamene som kom best ut av startblokkene og leia med 4 mål halvveges i første omgang etter finfint angrepsspel.  Så stokka det seg heilt ein 10 min periode frå det 15. til det 25. min.  Dette utnytta Kjøkkelvik til å koma ajour i målprotokollen.  Damene våre samla seg likevel til ein sluttspurt og leia fortjent 13-10 til pause.   I starten av andre omgang virka det som om GHK hadde forlenga pausen med 10 minutt.  Iløpet av dei 10 første minutta av omgangen gjekk Kjøkkelvik frå 10-13 til 16-13.  Damene gjev ikkje opp no heller og kjem tilbake til uavgjort.  Ny dårleg periode frå 50-55 min, der ein på ny kjem bakpå med 4 mål til 26-22.  Med 5 minutt att av kampen klarer likevel våre jenter å kjempe seg tilbake til uavgjort. Sterk sluttspurt!!  I Øyvind Indrebø sitt fråvær, var det Arvid Gimmestad som leia laget i Bergen i dag.  Han seier i ein kommentar at totalt sett er uavgjort eit rettferdig resultat slik kampen utvikla seg, men at Kjøkkelvik 2 absolutt var eit lag ein kunne slege.

Desse var med: Benedikte, Heidi (7), Ingunn, Malene, Marte (6), Celina (1), Hege (3), Torill (1), Ingrid (3), Eli Anne (5).

Ny kamp mot Fyllingen 2 i morgon.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline