RUM samling i Førde

Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Okt 2011

10 gutar og jenter frå GHK var i dag på RUM (Regionalt Utviklings Miljø) samling i Førde. Ansvarleg for samlinga var NHF Region Vest ved Rune Kristiansen/Geir Giil for gutane og Andreas Berntsen for jentene.

Full konsentrasjon når gutane vert instruert i kva dagen vil bringe.

Med frå GHK var Erlend Ulvestad, Mikael Alander, Magnus Andre Morritsgård og Sander Nesdal frå 96 årgangen.  Frå 95 modellane var desse med: Vegard Sælen, Ørjan Sundal, Evald Devik og Osmund Vereide.

Vegard Sælen fyrer av skotarmen.

Jentene i GHK var representert av Ingvild Slagstad frå 96 årgangen, og Elise Heien Hansen frå 95.  Alle som representerte GHK gjorde sine saker framifrå, spesielt kjekt var det å sjå at dei som var på samling for fyrste gong ikkje stod med hua i handa men tok tak mot meir etablerte spelarar.

Elise Heien Hansen testar skotarmen


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.