Bruken av Firdahallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 3. Okt 2011

Etter første helga med aktivitet i Firdahallen, har vi fått tilbakemelding frå overordna myndigheit på at golvet ikkje ser ut. Dette skuldast nok i første grad bruk av sko med mørke sålar og overdreven bruk av klister. Men det er også oppdaga eit hol i det nye golvet som sannsynlegvis skriv seg frå GHK bruk.

Det som er viktig framover er: Bruk av hallen utan løyve er strengt forbode!  Bruk av sko med mørk såle er strengt forbode! Fram til hallen er ferdig lista kan ein ikkje vaske hallen på skikkeleg måte, difor ein begrense klisterbruken.  Ved alle GHK treningar fram til haustferien er over, skal trenar/oppmann påsjå at hallen er ryddig og stengd ved avslutta trening når det ikkje er aktivitet etterpå.  All parkering av bilar skal vere på grusbana.  Firdahallen og området rundt er, og vil vere i lag tid, eit anleggsområde.  Dette må vi ta hensyn til når vi brukar hallen slik at arbeidet kan gå sin gang.

Brot på dette kan medføre at hallen vert stengd i periodar, og det vil vi helst sleppe.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline