Poengdeling i Årdalshallen!

Postet av Gloppen Handballklubb den 29. Sep 2011

Serieopninga til Gloppendamen borte mot Jotun 2 utvikla seg til ein thriller av ein handballkamp. Når sluttsignalet gjekk viste tavla 36-36.

 

Det er alltid knytt stor spenning rundt "lokalderbya" mellom Gloppen og Jotun. Når trenaren i tillegg har skifta farge frå grønt til raudt, var det ingen tvil om at dette skulle bli spennande frå start til slutt.

Vi kom best i gong, leia 3-1 etter berre to minutts spel. God trøkk i ankomsten og gode redningar gjorde til at vi opparbeide oss ei 4 målsleiing og var oppe i 11-7 . Eit par 2 minuttarar til Gloppen og mykje guts frå heimelaget kom Jotun 2 tilbake og reduserte til 11-11 litt over midtvegs i omgangen.Laga følgde kvarandre resten av omgongen, men vi tilreiv oss ei 2 målsleiing rett før pause (18-16).

Jotun 2 kom raskt à jour i 2. omgang. Kampen er tett og laga føl kvarandre som skuggar heile omgongen, men det var stort sett uavgjort eller 1 og 2 målsleiing til Jotun 2. Jotun 2 har sin 8. mann på tribuna og det er kjempestemning i Årdalshallen både slik og slik.

4 min før slutt leiar vi med 1 mål, men Jotun kjem att og går igjen i føringa. Med 1 mål under brenn vi ein sjanse ca 40 sek før slutt. Men vinn i tilbake ballen med på ca 59.40

Då tar vi time-out og Marte scorar med 7 sek igjen av kampen.

Øyvind oppsummerer seriestarten slik.

Det var godt å komme i gang med seriespelet. Slik som kampen utvikla seg, er eg nøgd med 1 poeng. Både i forhold til kamputviklinga i 2. omgang og i forhold til kvaliteten på laget vi møtte. For det var eit godt Jotun 2.

Men vi har meir å gå på i forhold taktiske val på bana både i angrep og i forsvar. I tillegg er vi for ustrukturerte i forhold til kontringsspelet.

Totalt sett syns eg vi står godt samla som LAG i kritiske fasar i kampen, og det at vi har god lagmoral viktig å ta med seg i vidare.

Som vi alle var einige om etter kampen, handlar det om å reise heim å øve meir :)




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline